mandag, januar 20, 2003

Narratologi, MEV 2, 21.01.2003
En fortelling er en framstilling av et menneskelig (eller menneskelignende) subjekt som har et prosjekt (vilje, ønske, begjær) og som gjennomlever en kjede av kausalt sammenhengende begivenheter.
Gripsrud 1999:191


Fortellinger i SMS-størrelse: the-phone-book.com
Norske fortellinger og tekster publisert på nettet: fortellinger.net
Fortellinger av og for barn og tenåringer: Stories From the Web
En samling av fortellinger og lesernes reaksjoner på disse fortellingene: Zen stories

torsdag, januar 16, 2003

Øvingsoppgåve, informasjon
Øvingsoppgåve til Informasjon 2, Våren 2003. 17.01 – 10.02. 12.00

Oppgåva skal leverast på classfronter om de ikkje får beskjed om anna (som alle veit har classfronter vore noko ustabilt så langt dette semesteret – alternativet er e-post).

Denne oppgåva skal ikkje vere på meir enn seks sider, linjeavstand 1 ½. Den skal innehalde:
Innleiing: problemstilling og presentasjon av innhaldet i svaret.
Teoridel: Syner til teori som vert nytta i drøftinga
Empiridel: Gjer greie for døma du vil bruke i drøftinga.
Analysedel: Drøfting av døma i høve til teorien
Konklusjon: resultatet av drøftinga
Bibliografi

Hugs overskrifter og mellomoverskrifter.

I vurderinga av ei oppgåve legg sensor vekt på:
At de gjer kort og klart greie for kva rammer de set for oppgåva.
At de vel teori som kan gi innsikt i problemstillinga.
At empirien/døma blir gjort klart greie for.
At drøftinga/analysen nytter teorien på døma, og gir ny innsikt eller syner kjennskap til styrke eller veikskap i teorien. Kritisk og sjølvstendig tenking vert verdsett her.
Konklusjon: Avrunding eller oppsummering. Ikkje kom med nye punkt her, men samle trådane og avslutt oppgåva.
Sitateknikk: Sitat under tre linjer står i hermeteikn. Siter direkte, ikkje omset sitat. Sitat på meir enn tre linjer har ikkje hermeteikn, men er eit eige avsnitt med innrykk og enkel linjeavstand.
Vise til litteratur og skrive ein bibliografi: Vel ein måte å referere på og hald fast på det. Sjå fleire døme på korleis dette kan gjerast her: http://www.uio.no/sthb/teologi/bibliografi.html

Feller:
Ikkje skriv alt du veit om informasjon i håp om at noko må treffe.

Pass på at du drøftar det du seier i innleiinga at du skal drøfte. (tips: skriv innleiinga sist)

Les korrektur undervegs. Ikkje stol på retteprogrammet på datamaskina, eller at du ser alle feila siste gangen du les igjennom teksten.

Skriv ned heile referansen straks du finn eit sitat eller ein referanse som du vil nytte, om du ikkje finn den sia er det ikkje godt nok å seie: ”Eg las noko av Bente Erlien som kanskje var interessant.”

Ikkje vend deg til sensor med unnskyldningar, personlege bodskap eller helsingar av typen: ”Eg veit ikkje så mykje om dette, men skal prøve å svare.” ”Ingen av desse teoriane seier det minste om temaet, men eg må jo skrive noko.” ”Eg hadde ikkje tid til å gjere dette heilt ferdig, for eg måtte dra tidleg på ferie.”


Dette er ei øvingsoppgåve som ikkje får karakter, men som får ein kommentar frå faglærar. Den viktigaste delen av oppgåva er den formelle delen: korleis den er skriven. Rett spørsmål om oppgåva til tm@hivolda.no


Informasjonsplanleggingens ambivalens: konflikten mellom planlagt kommunikasjon og synet på publikum som aktive brukere.

Drøft ut fra pensum på informasjon 1 og 2 og medievitenskap 1 og 2 hvorvidt det er mulig å planlegge informasjon som er rettet mot en bestemt målgruppe ved hjelp av teorier om publikum som ivaretar det aktive subjektet og den individuelle brukeren.


Ambivalens i informasjonsplanlegging: konflikten mellom planlagd kommunikasjon og synet på publikum som aktive brukarar.

Drøft ut frå pensum på informasjon 1 og 2 og medievitskap 1 og 2 om det er mogleg å planleggje informasjon som er retta mot ei særskild målgruppe når du nyttar teoriar om publikum som tar vare på det aktive subjektet og den individuelle brukaren.


Feministisk kritikk, MEV2, 17.01.2003
En definisjon på feministisk kritikk.
Et studentprosjekt: Ulike analyseformer anvendt på et eventyr.
Klassikeren: Berit Ås og hersketeknikkene. veiledningshefte; PDF
Berit Ås kommenterer Kjetil Rolness' artikkel om kvinnelige hersketeknikker.
Du har så lite klær på deg... Om kvinnelige journalister i intervjusituasjoner (PDF). Hege Kristin Fosser Pedersen og Christine Præsttun fikk støtte fra Kvinneuniversitetet og Institutt for Journalistikk til å skrive denne artikkelen i september 2000.

onsdag, januar 15, 2003

Resepsjonsteori, MEV 2, 14.01. 2003
Denne forelesningen bygde på notatene til forelesningen på MEV 3 2002.